28.06.2011

Tutorial: Knepping i skulder

Sidan små barn har relativt stort hovud i høve til halsen, trengst det på tettsitjande plagg som regel ein måte å utvide halsopninga på plagget under på- og avkledning. Som oftast brukast knepping eller "konvoluttopning".
I denne tutorialen visast korleis ein kan leggje inn knepping i skulder på plagg med ribb-kant som er bretta over stoffkanten, enten sydd med coverstitch-maskin med kantebandsapparat, eller manuelt med tvillingnål (sjå tutorial på sistnemnte her.)
IMG_8489

For å leggje til knepping treng du:
Ein liten rest av eit (tynt,) vevd bomullsstoff
2-3 trykknappar

Mønster-endringar
Knepping i venstre skulder (barnet si venstre skulder)
Forstykke:
  • Legg til eit 2 - 2 1/2 cm breitt felt (oransje på teikning) ovanfor skuldersaumen på høgre side av mønsterdelen. Bretting vil kome mellom opprinneleg mønster og oransje del.
IMG_9883

Bakstykke:
  • Legg til to tilsvarande felt på venstre side av mønsterdelen. Bretting vil kome mellom dei to oransje felta. Slik vil flappen på bakstykket liggje bak flappen på forstykket, på framsida av skuldersaumen.
IMG_9882
Vinklar: Ideelt sett skal vinkelen inn mot ein brett vere lik vinkelen ut frå bretten (sjå svake strekar på teikning av forstykke), men ikkje stress veldig med dette, for det er såpass få millimeter forskjellar om å gjere, at det ikkje treng vere heilt nøyaktig.
Merking:
  • Merk av opprinnelege skuldersaumar, og på bakstykket også brettekanten mellom dei to oransje felta.
Klipping:
  • Klipp med saummonn overalt, utanom:
    -Halsutringing, og halsutringingast fortsetjing over på oransje felt. 
    -Langsida av ytteste oransje felt (men då må du ikkje kutte noko stoff med overlocken i neste trinn!)
Merk av skuldersaumar og brettekant (bakstykke) med eit lite hakk, strek el.l. ytterst i stoffet.

Forsterking av "flappane":
  • Klipp ei remse vevd bomullsstoff, litt breiare i båe retningar enn breidda på eitt oransje felt.
  • Sy den på, ikkje kutt noko stoff med overlocken (om du ikkje har lagt til saummonn, då)
IMG_9881

Reinklipping av forsterkingsstoffet:
  • Det skal berre vere vevd stoff bak det oransje mønsterfeltet på forstykket og det yttarste oransje mønsterfeltet på bakstykket.
  • Klipp bort overskytande stoff av det vevde stoffet; langs kvar side av skuldra og langs brettekantane (dvs. langs opprinneleg skuldersaum på forstykket, og langsgåande mellom dei to oransje felta på bakstykket.):
IMG_9880

Brett og press:
  • Deretter brettar du flappen langs brettekant. Press. Om du vil, kan du sy fast flappen med ein stikning på tvers av skuldra, men både ribbkant, knappar og saum i skuldra kjem etterkvart til å halde den på plass.
IMG_9879
IMG_9878

Sy
  • Sy høgre skuldersaum (motsett side av kneppinga)
IMG_9877
Kanting av halsutringinga:
  • Når ein kantar med apparat (coverstitch-maskin), vil det stikke ut ein bit ribbremse både på starten og slutten av halsutringinga. Når ein kantar manuelt, kan ein starte og avslutte ribbkanten på annan måte om ein vil, men for å gjere det enkelt, viser eg felles framgangsmåte her, nemleg at ein kantar slik at det blir ein bit ekstra i kvar ende.
  • Start kantinga på bakstykket, med bretta "flapp".
  • Når du kjem rundt, passar du på at "flappen" er bretta inn også her før kanting.
  • Det ein fordel å la det vere minimum 3 cm ekstra ribbremse til overs i båe endar, gjer det enklare å feste ribbremse-enden. (Eg har visst laga endane litt for korte på teikninga, seg eg...)
IMG_9876
 
Festing av overskytande ribbremse:
  • Brett ribbremsa mot vranga på samme stad som stoffet er bretta (sjå figur nedanfor).
  • Fest ribbremsa med ein stikning parallelt med skulder-"saumen" (sjå biletet øvst i innlegget), berre nokre få millimeter frå bretten.
  • Klipp deretter av overskytande ribbremse nokre millimeter frå dette igjen.
IMG_9875

Montering av erme på sida med knepping:
  • Legg forstykkeflappen oppå bakstykkeflappen, slik at brettekanten på fortykkeflappen ligg i nivå med opprinneleg skuldersaum (hugsa du å merke av på bakstykket tidlegare?)
  • Sy ein stikning i saummonnen akkurat i dette overlappingsområdet (sjå figur nedanfor) for å halde det på plass ved montering av ermet.
  • Set gjerne også i ei knappenål for å halde flappane på plass på hals-/ ribbsida (men ikkje set knappenåler der du skal sy med overlock!!)
IMG_9874
Sy på venstre erme (velg sjølv om du vil kante eller legge opp enden av ermet før eller etter montering). Press saummonnen ut i ermet, sy eventuelt ein stikning.

Nå er sjølve syinga av halsopninga ferdig, det står att å setje i trykknappar, og sy resten av plagget.

3 kommentarer:

  1. Tusen takk for en flott forklaring!! Har sydd noen få plagg med knapping på skulder og strevd med å få det fint. Men nå er jeg optimist på at jeg skal få det til etter å ha lest forklaringen din :)

    SvarSlett
  2. Du er vanvittig dyktig til å forklare! For noen supre tutorials du lager!

    SvarSlett
  3. Utrolig godt forklart! Gleder meg til å prøve ut bodymønsteret ditt :)

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...