30.06.2011

Body til ein ny verdsborgar

 

Og offisiell opning av Annwes sin nye syblogg! Tam-ta-taaaaaaa!

IMG_9903

Nå har eg brukt nokre dagar på å gjere meg kjent med ulike blog-relaterte program, lagt inn bilete av klede eg har sydd tidlegare, og lagt til nokre tips om dekorasjonsteknikkar o.l. Nå startar blogginga for alvor, og heretter er planen å skrive litt meir detaljert om til dømes opphav til mønster, kvar stoffet er kjøpt o.l.

Fyrst ut er denne bodyen sydd til ein liten krabat med storleik ca 62.

Mønster: Eige, med sjølvdesigna nitals-opning som halsutringing. Fleire plagg med denne halsutringinga finn du i registeret til høgre ;) 
Stoff:
-Froskejersey frå  www.Cethodesigns.no
-Grønn og kvit jersey frå www.stoffogstil.no
-Bylgjejersey frå Cetho
-Oransje-stripete jersey frå www.sydilla.no
-Kanta med grønn interlock frå Cetho
 

IMG_9902

IMG_9904

IMG_9906

Endå eit kjolekonstruksjons-prosjekt

IMG_9869
Av eit singlettmønster kan ein lage spennande detaljar, slik som denne rynkinga på brystet. Dette er mi fyrste, store øving i mønsterkonstruksjon, som krev litt meir enn berre å klippe ein del dobbelt så brei og rynke den saman att.
IMG_9867
Dei spredte rynkene lenger nede på kjolen skal eigentleg ikkje vere der, men skuldast at diff’en på overlocken stod stil litt for høgt under montering av panela.
Eit gløtt på konstruksjonsprosessen, i grove trekk:
1. Lage kopi av mønsteret ein skal take utganspunkt i, deretter leggje bort originalen på ein trygg stad. For nå skal saksa fram:
2. Klippe opp mønsteret, leggje det utover
3. Teikne konturane av det nye mønsteret på nytt papir og jevne ut linjene.
IMG_9858
Trådsneller fekk tene som mønstervekter…IMG_9859

DESIGN BY ANNWES liten versjon

Singlett-mønster

For eit par vekers tid sidan fann eg ut at eg ville teste ut Aldrich si mønster-konstruksjonsbok på grunnmønster til tettsitjande t-skjorte, og laga deretter mønster til singlett. Fyrste singlett-produksjon (str. 3 til jente og 5 til gut):
IMG_9866
Neste utgåve skal få litt grunnare armhole, elles var mønsteret greitt.

Ny kjole

IMG_97741
Gravid. Trøytt. Mykje tid til å tenkje, lite ork til å sy. Men mønsterteikning (og nå også blogging) går nokså bra, og for oppunder ein månads tid sidan såg denne kjolen dagens ljos. Målet var å lage ein kjolemodell som var sommarleg, men likevel dekkjer skuldrene for sola, og samtidig så enkel å sy at ein ikkje ein gong treng glidelås.
Bak er det faldar, og inni den eine falden er det skjult ein splitt øvst, og denne er lukka med trykknappar. Men KAM-knappar av plast i ein farge som matchar stoffet blir knappane veldig diskrete. Kjolen er kanta med skråband både oppe og nede og på armane, ein annan ting som gjer den rask å sy. Denne kjolen er sydd av eit litt kraftig bomullsstoff (eigentleg ein duk), og kan derfor klare seg utan belegg, vrangsying o.s.v.
IMG_97761
Det var opprinneleg meininga å ha fire knappar på brystet, to på kvar fald øvst.  Men då kjolen var nesten ferdig, såg den både japansk og litt 60-tals ut, så eg sydde på to kvite striper på tvers for å forsterke den japanske look’en, og eit par store, kvite knappar eg hadde liggande, eg får litt 60-tals-feeling av dei. Dei kvite stripene er heilt enkelt kvitt skråband bretta på langs før påsying.
IMG_97811

Design by Annwes mindre storleik hjørne

Stripete bukse med biseband

IMG_9838
Denne buksa i str. 5 år er pynta med ferdiglaga biseband frå Stoff og Stil) Lommer framme og bak, og lappar på knea er kanta med biseband før dei er sydd på. Dei oransje stripene er skråband som eg har bretta på langs før eg la det halvvegs under knelappane før påsying. Det blei ein stilig detalj, synest eg.
Knelappane kom ein smule langt ned, dette var fordi buksebeina var veldig lange før eg la dei opp, og eg gløymte å take omsyn til dette. Dette stoffet er likt på retta og vranga, derfor har eg lagt opp buksebeina med vranga ut, med biseband i enden av opprinneleg buksebein.
IMG_9839
Baklommer: Desse er laga etter litt liknande prinsipp som  opplegg av buksebeina: Eg sydde horisontalt biseband fyrst, deretter bretta ned rette mot rette, sydde bisebandet fast med ein liten bit oransje skråband i saumen. Deretter kanta eg heile lomma og sydde den på til slutt.
IMG_9842
Ei lita hempe som gutungen kan henge sjølvmåla nøkkelringar i Smilefjes
IMG_9844
Og til slutt: Eg laga fyrst juksesmekk. Eg hadde med vilje teikna mønsteret litt smalt for at det ikkje skulle bli posete i livet, men det blei smalaste laget. Derfor la eg inn smekk, men det hjelpte igrunnen lite, fordi guten på snart 4 1/2 klarer ikkje handtere knappane, og synest det er betre å heller lirke buksa forbi rumpa med knappane att.
IMG_9871
Grunnmønsteret til buksa er teikna med hjelp frå Aldrich si bok “Metric Pattern Cutting for Children's Wear and Babywear: From Birth to 14 Years”

Mannekeng-oppvising!

Ein dag i mai var fotografen på besøk i barnehagen, og mamma måtte take sine eigne bilete av dei håpefulle då dei kom heim att!

IMG_9675kompr

Bukse med ørnetrykk

IMG_9618

Gutungen på fire fekk lov å ønskje seg eit motiv på den nye buksa, og svaret var “hvithodehavørn, kongeørn og fiskeørn”. Puhh, litt av ei bestilling. Av desse tre er det kvithovudhavørna som er lettast å forenkle, så dét blei det.

Fjella teikna eg laust med ein blyant rett på stoffet og sydde deretter med rettsaum med tykk sytråd. Dessverre brukte eg bomullstråd (eigentleg meint til quilting), og den blei raskt slitt vekk på kneet.

IMG_9619

Ørna er måla på: Eg googla og fann eit passeleg bilete. Printa ut (kopipapir) og klipte ut ørna, men eg klipte ikkje ut yttarste fjørene på vingene og halefjørene. Deretter la eg sjablongen på stoffet og trykte på tekstilmålinga med ein liten svampbit frå kjøkkenskuffen. Fjørene på vinger og hale måla eg på med pensel etterpå. Strykefiksert til slutt etter instruks på pakka. Etter nokre vask har trykket blitt noko blassare, men held seg seg greitt nok.

IMG_9620

Buksemønsteret er sjølvteikna med hjelp frå Aldrich si bok “Metric Pattern Cutting for Children's Wear and Babywear: From Birth to 14 Years”

Frå bukse til shorts

IMG_9624

Det er fint med nokre enkle prosjekt innimellom. Som å klippe av beina på ei bukse med opprevna kne og sy shorts av den. Nedst på shortsbeina har eg kanta med samme typen ribb som er i livet, blir litt meir spennande enn å berre brette kanten opp og sy. Eg kunne nok sett opp diff’en på overlocken nokre hakk også, så hadde ikkje kantane blitt bylgjete (stretch-cord). Buksa ligg kanskje på bloggen frå før, i allefall er det “jersey-applikasjon” på venstre lomme, ein veldig enkel måte å pynte på (sjå tutorial-meny).

T-skjorter med nitals-opning

Desse t-skjortene har fått kant av jersey, litt i mjukaste laget, i allefall om stoffet i berestykket også er av mjuk jersey. Men det er kjempemoro å kombinere såpass mange stoff! Jippi!

IMG_9309

IMG_9563

Design by Annwes

Fleire tunikaer med nitals-opning

IMG_9308
IMG_9571
IMG_9570

Design by Annwes

NITALS-OPNING variant nr. to

Design av Annwes
Ein kan la kanten gå rett nedover på brystet, men endå meir liknar det eit nital om den skrår inn mot midten, som her. Ein litt meir feminin variant. Og så kan ein kombinere masse forskjellige stoff, ein kan leike seg i fargar, akkurat slik eg likar!
IMG_9212

NITALS-OPNINGA ser dagens ljos

Design av Annwes/ Design by Annwes
I mars dette år designa eg denne måten å sy halsutringing på; ein kant som slyngar seg rundt barnet sin hals som ein 9-tal. Dermed slepp ein knepping i halsen, og løysinga er ikkje så reint lite estetisk bra også, synest eg :-) Her er prototypen på halsopninga, men som du kan sjå på andre plagg med denne løysinga, vil ein kunne kombinere mange stoff, noko eg diggar!
Det ligg inne ein søknad til det norske Patentstyret om registrering av designet.
IMG_9208
IMG_9209

Mjau, jentebukse med pusekatt

IMG_9029

Her er det applikert på diverse stoff, blant anna frå stoffet “Carnival Bloom” av Michael Miller. Den brune streken nedst er ei anorakksnor som er sydd på, det samme er stilkane til blomane.

IMG_9030

IMG_9031

Redesigna ullkjole

Ein høghalsa genser krympar i vask og eigaren legg på seg. Tid for gjenbruk! Grunna nuppar på retta, valte eg å bruke vranga ut i det nye plagget. Den høge halsen blei klipt av horisontalt, tja, ca midt på. Den nedre delen ble rulla ned og festa for hand, den øvre delen delt i to horisontalt og sydd på ermeopningane. Hjartet på brystet er eit stryk-på-merke.

IMG_90501

IMG_9028

IMG_9032

Enkle guttebukser

Desse buksene blei laga i full fart etterat det plutseleg kom hol på knea på fleire bukser her i huset. Dei er sydd utan sidesaum, og derfor la eg lomme øvst. Det er ein veldig enkel og rask måte å lage lomme på, men å ha ei såpass brei lomme i eit mjukt stoff (babycord) rett under strikket i livet er ikkje den estetisk aller beste løysinga. Det blei forresten hol på kneet til den venstre buksa ved fyrste gongs bruk, derfor legg eg ikkje ned tid i å lage fancy bukser i babycord…IMG_9865

Guttegenserar

Fyrst ut ein genser til ein liten kar som har initialane “OK”. Dermed passa det fint teksten “I’m OK”. (Mønster: Ottobre)

IMG_9073
IMG_9075

Fylgjande genserar er av sjølvteikna mønster.  www.Textart.no forhandlar deileg frottéstoff frå Lasten Metsola, og det har blitt nokre genserar av denne typen:

IMG_9305

Genseren under er i velour.IMG_9836

Og ein i interlock:
IMG_9837

Og så denne i turkis isoli og grønn interlock, med “jersey-applikasjon” på:
 IMG_9831

Fleire ammetoppar med omslags-berestykke

Desse er sydd etter samme mønsteret som denne, (bortsett frå armane på den nedste). Fylg linken for ein nærare omtale av designet. Desse to er sydd i ein mjuk og tøyeleg viscosejersey.

IMG_9144

IMG_9146

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...